GROVIS: Adressa Grov 6 vart for grov. Så då fekk dei seg aldri det nummeret i denne vegstubben i Vik i Sogn. Foto: Privat
Norske vegnamn og adresser er ikkje alltid like lett å bli samde om. I Vik i Sogn hoppa kommunen like godt over vegadressa Grov 6.
Årsaka var at familien som eigentleg skulle bu på den bustadadressa, helst ville sleppe adressa Grov 6.
Det var lokalavisa Sogn Avis som først skreiv om den spesielle vegnamnsaka allereie i fjor.
– Vegen fører inn i Grovfeltet på Grov i Vik. Avgjerda om å hoppe over sekstalet vart teken på administrativt nivå i kommunen, seier ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) til VG.
Slik vart Grov 6 til Grov 8.
SPENSTIGE VEGNAMN: Det manglar ikkje spreke vegnamn med spanande historiar bak namnevalet i det lange landet vårt. Foto: Frå boka «Frå Mumletjønn til Gnuldrehei», Spartacus forlag
Saken er hentet fra VG.no